Temperatur i Fusa-debatt
Ordstyrar Siv Fossåskaret utfordra Fusa-politikarane og fekk med det opp dampen under dagens NRK-debatt.
Det var sommarens mest brennbare tema, nemleg skulestruktur som sparka i gang Fusa-debatten under dagens direktesending frå NRK Hordalands valferje.
Verken Høgre eller Senterpartiet ville leggja ned skular, medan KrF vil vektleggja kvalitet og innhald meir enn antal skular.
Artikkelen held fram under annonsen.
Frps Magne Djuvik talfesta innsparinga ved skulesamanslåing til heile tre millionar kroner.
Flyktningar
Ordstyraren ville vidare vita kvifor Fusa kommune berre har greidd å ta imot fire av dei 10 flyktningane dei har sagt at dei vil ta imot. Det samla svaret var mangel på bustader. Noko som fekk ordstyraren til å replisera fylgjande:
- Det er mange tome hus i Fusa. Ville det ikkje vera ein idé å snakka med huseigarar om ikkje flyktningane kan få bu der?
- Kommunen har bygd to nye husvære som snart er klare. Det vil løysa problemet i fyrste omgang, svara Senterpartiets Svein Lang.
Folketal
Det bur 3.238 personar i Fusa kommune. Men sjølv om alle i panelet var samde om at dei vil ha fleire folk til kommunen, ser dei ikkje likt på kva som må til.
- Det er svindyrt å bu i Fusa. Vi må redusera dei offentlege avgiftene, meinte Frps Magne Djuvik.
Høgre og Aud May Boge trur noko av løysinga er å vera meir aktive overfor grunneigarar for å få til større byggeprosjekt, medan Senterpartiet peika på utvikling av nye arbeidsplassar.
- Hovudproblemet er at vi er for mange små bygder som kjempar for oss sjølv, i staden for å stå saman som ein kommune, sa KrFs Bjarte Samnøy.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kommunesamanslåing
Sist, men ikkje minst kom debatten innom kommunereform og eventuell samanslåing. Også der sprika svara.
Arbeidarpartiet peika på at det er for mange ukjende faktorar i reforma frå regjeringas side, og svara kategorisk nei til samanslåing.
Men det kanskje sprekaste forslaget stod Svein Lang og Senterpartiet for.
- Vi kan godt sjå for oss å innlemma den nordlege delen av Kvinnherad i Fusa kommune. Det vil gje eit folketal på om lag 5.000 personar. Eg har ikkje snakka med ordføraren om det, men folk som bur i området synest det er ein spennande idé, sa han.
Fekk du ikkje med deg debatten? Sjå sendingaher. Her ser du også Os-debatten direkte kl. 16.10.