Telenor-trøbbel

Telenor sitt mobilnett er ustabilt, og mange abonnentar får ikkje ringja ut eller ta imot anrop.

Os kommune opplyser at tryggleiksalarmane i kommunen sender over GSM-nettet til Telenor, og difor også kan bli påverka av denne feilen.

- Har du ein familiemedlem med tryggleiksalarm? Ring dei gjerne på fasttelefonen eller stikk innom ein ekstra tur, oppmodar kommunen og legg til at det er mogleg å ringa alle naudnummer.