Tekniske problem for MF Fosen
MF Fosen har ikkje gått dei siste timane grunna tekniske problem. MF Marstein tek over ruta.
- MF Fosen har eit teknisk problem. Det er planlagt reperasjon i løpet av dagen, og me håpar at han er i orden til i morgon, seier administrerande direktør i FosenNamsos Sjø, Grete Fuglem Tennås.
MF Fosen har slite med ulike tekniske problem den siste tida.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det er ikkje nokon samanheng mellom dei ulike tilfella. Ferja har vore raskt tilbake i drift alle gongene, seier Tennås.
Etter det «Os og Fusaposten» kjenner til, gjekk MS Marstein frå Hatvik til Venjaneset klokka 13.10.