Normal drift i sambandet igjen
D-avgangen på Halhjem–Sandvikvåg var innstilt.
Oppdatert: Søndag ettermiddag melder Torghatten Nord om normal drift i sambandet igjen.
Søndag føremiddag informerte Torghatten Nord om ei kansellering i sambandet E39 Halhjem–Sandvikvåg.
Artikkelen held fram under annonsen.
I utgangspunktet var det avgangen frå Sandvikvåg klokka 10.30 og avgangen frå Halhjem klokka 11.20 som var innstilt, men etter kvart var beskjeden at rute 4 vart kansellert inntil vidare.
Årsaka skal ha vore tekniske problem.