Teke på fersk gjerning under innbrot

Bebuarane i Os sentrum høyrde folk i kjellaren natt til laurdag. Seks minutt seinare pågreip politiet ein mann i 20-åra.

Det var like over klokka halv tre natt til laurdag at bebuarar i ein bustad i Os sentrum høyrde uvedkomande romstera i kjellaren. Bebuarane ringde politiet. Seks minutt etter var betjentene frå Os lensmannskontor på pletten. I kjellaren påtreffte dei ein 22 år gamal mann, ein mann teken på fersken under eit innbrot.

– Mannen var rusa og svært lite samarbeidsvillig. Han forulempa politiet og vil no bli meldt for både innbrot og forulemping av offentleg tenestemenn, seier operasjonsleiar ved Politidistrikt Vest.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han legg til at om mannen ikkje akkurat kan karakteriserast som ein "kjenning", så har han vore i kontakt med politiet nokre gonger tidlegare.

22-åringen overnatta i arresten og vil bli avhøyrt i dag.

MC-ulukke

Klokka 22.14 fredag kveld kolliderte ein ung førar av ein lettmotorsykkel med ein personbil på Hatvikvegen. Føraren av lettmotorsykkelen sklei og braste rakt i bilen. Den 17 år gamle føraren vart lettare skadd og vart sendt til sjekk på legevakta. Politiet har ikkje mistanke om at føraren av to-hjulingen køyrde med promille. Saka vil uansett bli etterforska.