- No tek me til å sjå ringverknadene av oljekrisa og effektane på privathushaldningane, seier kommunikasjonsdirektør Stig Inge Eikemo i Lindorff.
- No tek me til å sjå ringverknadene av oljekrisa og effektane på privathushaldningane, seier kommunikasjonsdirektør Stig Inge Eikemo i Lindorff.

Tek til å sjå verknaden av oljekrisa

Nordmenns betalingsmoral er i fritt fall, meiner Lindorff. Ved utgangen av tredje kvartal var det registrert heile 18,2 prosent fleire betalingsmerknader i Os enn på same tid i fjor.

- No tek me til å sjå ringverknadene av oljekrisa og effektane på privathushaldningane, seier kommunikasjonsdirektør Stig Inge Eikemo i Lindorff.

Han fortel at situasjonen i Os langt fra er unik.

Artikkelen held fram under annonsen.

- På fylkesnivå ser vi no betydelege effektar i Akershus, Rogaland og i Agder-fylka, med ein kraftig vekst i talet betalingsmerknader og eit stadig høgare tal personar som slit med å betala rekningane sine, seier Eikemo.

Samtidig er det store variasjonar. Mens det på landsbasis er ein vekst på 7,6 prosent i talet betalingsmerknader, er det heile 49 kommunar kor veksten er på 20 prosent eller meir.

I seks kommunar er veksten meir enn 40 prosent, ifølgje Eikemo.

Få svartelista

Medan talet betalingsmerknader skyt i veret i Os, er det berre ein svak vekst i talet personar med betalingsmerknader - såkalte svartelista.

- Dette indikerer at det først og fremst er dei som alt hadde problem, som no slit endå tyngre, seier Eikemo.

Alt i alt var det 225.858 personar som var registrert med ein eller fleire betalingsmerknader ved utgangen av tredje kvartal. Samla hadde desse 37,8 milliardar kroner i merka gjeld, noko som gir eit gjennomsnitt på 167.356 kroner for kvar av dei.