Tek sikte på ein god samanslåingsprosess
Prosessen med å planleggja samanslåing av skulane Strandvik-Fusa og Holdhus-Eikelandsosen er i gang. Fredag var det møte mellom skuleleiarar, hovudtillitsvalde og einingsleiar for undervisning, Anne-Merete Mærli Hellebø.
- Det er mykje som i skrivande stund er uavklart, og det er mange spørsmål knytt til det som skal skje. Skuleleiarane og eg har ikkje alle svara enno, men vi vil gjera vårt beste for å dela informasjonen med dykk så snart han ligg føre, påpeikar Hellebø i eit skriv som gjekk ut til elevar, foreldre og tilsette ved skulane i Fusa onsdag.
I desember vedtok kommunestyret i Fusa å leggja ned skulane i Strandvik og på Holdhus frå hausten 2016. Kort tid etter starta prosessen med å førebu samanslåingane.
Artikkelen held fram under annonsen.
Av gruppene Fusa kommune meiner det er særskilt viktig å ivareta i samband med prosessen er: Elevar, foreldre, tilsette, arbeidstakarorganisasjonar, barnehagar og leiarar. I møtet 8. januar vart det skissert ei rekkje tiltak som skal bidra til at gruppene får den oppfølginga dei treng.
- Våren 2016 vil elevar, foreldre, tilsette og tillitsvalde som er knytt til Strandvik-, Fusa-, Holdhus- og Eikelandsosen oppvekstsenter verta involverte i ulike møtepunkt for på best mogleg vis å førebu samanslåinga av skulane, heiter det i informasjonsskrivet frå Fusa kommune.
Venskapsklassar
I januar skal einingsleiaren ha medarbeidarsamtalar med rektorane på skulane. Deretter ser ein ifølgje prosessplanen føre seg å få på plass skuleleiinga på dei nye skulane.
Andre tiltak er venskapsklasser der elevane på dei ulike skulane møtast, sender e-post eller skriv og teiknar til kvarandre, planlegging av sosiale aktivitetar i regi av mellom andre elevråda på skulane, personalmøte der dei tilsette får høve til å formidla kva dei synest er positivt med arbeidsmiljøet dei er del av på noverande tidspunkt.
Informasjonsmøte for foreldre, møte med FAU, SFO-leiarar og ei heil røys med andre er også blant tiltaka som vert skisserte i prosessplanen. I tillegg skal elevane få erfara korleis det er å ta buss til den nye skulestaden og verta kjente med medelevar og tilsette på dei nye skulane. I mai ser kommunen føre seg at foreldra skal verta inviterte til omvising og presentasjon av dei tilsette
- Innan i haust er målet vårt at elevane skal vera trygge. Dei skal kjenna dei vaksne på den nye skulen sin, vita kven dei skal gå i klasse med, kjenna skulebygget og vita korleis dei skal koma seg til og frå skulen, går det fram av informasjonen som vart sendt ut tidlegare i dag.
Når det gjeld foreldra til borna skal dei vera informerte om klassar, tilsette, skulebygg, SFO-tilbod og skyss, medan dei tilsette mellom anna skal vita kva arbeidsoppgåver dei skal ha, kva elevar som skal gå i dei ulike klassane, samt kjenna kollegaene sine.