Taxi melde om behov for assistanse
Trong hjelp med passasjer som skal ha fått for mykje å drikka.
Natt til torsdag fekk politiet melding frå ein taxi som trong hjelp til å handtera ein passasjer.
— Kunden var full og klarte ikkje å gjera greie for seg, opplyser politioverbetjent Atle Birkeland ved Bjørnafjorden politistasjon.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det skal ha ordna seg då politiet kom til staden.
— Han kvikna til og taxi-turen kunne halda fram heilt heim, skriv Birkeland i ein e-post.