Tatt i 80 km/t i 60-sonen
UP har hatt kontroll ved barnehagen i Industrivegen og i 60-sonen på Ulvenvegen.
UP hadde torsdag ettermiddag kontroll ved barnehagen i Industrivegen og i 60-sonen i Ulvenvegen.
Fem bilistar fekk førelegg for for høg fart. Ein sjåfør fekk førelegg for bruk av mobil og to fekk gebyr for å ha unnlate å bruka belte.
Artikkelen held fram under annonsen.
Høgaste farten vart målt til 80 km/t i 60-sonen på Ulvenvegen.