Tatt for ruskøyring

Ein mann blei i går tatt med amfetamin og ei kvinne er tatt for ruskøyring.

Politiet i Os var i går formiddag på ransaking på ei adresse i Os. Der fann dei det dei meiner er amfetamin. Ein person i 30-åra blir meldt for forholdet.

Ei kvinne i 20-åra blei i natt for ruskøyring. Klokka 03.23 fekk politiet melding om ein bil som hadde køyrd utfor vegen i nærleiken av Lyssandfabrikken i Hegglandsdalen. Den kvinnelege sjåføren hadde forlete bilen då politiet kom, men vart funnen heime hos seg sjølv. Ho er i 20-åra og av utlandsk opprinnelse. Politiet tok henne med til legevakta for å ta blodprøve. Kvinna blir meldt for køyring i påvirka tilstand i tillegg til å køyre utan førarkort.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet i Os arbeider tysdag saman med arbeidstilsynet om å undersøkja forholda rundt det som skjedde måndag, då ein person fekk eit stillas over beina på ein anleggsplass i endelausmarka.

Uhellet vart meldt klokka 10.40. Personen var bevist etter ulykka, men meldte om smerter i beina. Vedkomande blir beteikna som lettare skadd, og vart sendt til legevakta. Politiet har oppretta rutinemessig sak.