(
(

Tatt for hærverk

Politiet i Fusa har fått ei tilståing etter hærverket utanfor Fusatun første nyttårsdag.

Natt til første nyttårsdag prøvde ein person å ta seg inn i ein bil utanfor Fusatun. Vedkomande velta også reklameskilt og bosspann, kvelva ein mjølkecontainer og kasta kring seg med brødkassar.

– Vi har gjennomført avhøyr, og ein ungdom som er heimehøyrande i Fusa, har tilstått, fortel politibetjent i Fusa, Anders Opsal.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Korleis tok de han?

– Det er kameraovervaking på Fusatun og han blei kjend igjen, seier Opsal.

Framleis ikkje oppklart

I tillegg til hærverket første nyttårsdag, har Ingunn Kristiansen, som er tilsett på Spar Fusatun, fått bilen sin oppskrapt to gonger i løpet av kort tid. Først torsdag 21. desember, så vesle julaftan.

– Ungdomen som har tilstått hærverket første nyttårsdag er ikkje mistenkt i denne saka. Vi har førebels ingen mistenkte, seier Opsal.