Kommunen kan per no ikkje seia noko om tidsaspektet fordi dei ikkje veit årsaka til lekkasjen.
Kommunen kan per no ikkje seia noko om tidsaspektet fordi dei ikkje veit årsaka til lekkasjen.

- Tapp vatn i kveld!

I kveld før kl 22 bør foreldre tappa vatn på flasker til borna som skal på skulen i morgon. Dette pga. fare for ureint vatn i springen i morgon.

Meldinga om eit mogleg kokevarsel frå kl 22 i kveld vert no forskyvd til i morgon tidleg.

- Me har 4-5.000 kubikk med vatn i høgdebassenga våre som me kan tæra på litt utover kvelden, seier teknisk sjef, Marianne Kramer.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bakgrunnen er at eit nytt inntaksrøyr i Krokvatnet i kveld vert kopla saman med hovudnettet.

- Det er eit steg framover for vassforyninga i Os, og me trur at osingane vil hjelpa oss med å gjera denne naudsynte oppgraderinga så smertefri som mogleg, seier Kramer.

Varslinga virkar i 95 prosent av tilfella

For det kan oppstå nokre ulemper medan sjølve operasjonen vert gjennomført. Dersom reservane i høgdebassenga vert oppbrukt, må Hovlandsvatnet koplast inn på nettet, og då blir det ureint vant som kjem rennande i springen. Skulle dette skje vil det bli sendt ut kokevarsel i morgontimane i morgon.

- Eg vil vera på jobb i natt, og vil vera ansvarleg for at det vert sendt ut kokevarsel om naudsynt. På dei siste testane våre har varslingssystemet vårt ein suksessfaktor på 95 prosent. Men det vert uansett lagt ut oppdatert informasjon på oskommune.no så snart me veit noko, seier Kramer.

Skuleborna bør ha med flaskevatn

Skulane i Os har fått melding om å be elevane ta med flaskevatn på torsdag.

- Det er ikkje så dumt dersom folk fyller opp mugger og flasker med vatn i kveld før kl 22 i tilfelle vatnet ikkje er godt i morgon tidleg, seier Kramer.

Alternativet er å koka vatnet, men då er det naturleg nok meir utfordrande å kjøla det ned att til drikkevatn-temperatur i hektiske morgontimar.

Sjukeheimar og ferjer

Enkelte institusjonar og næringar har eit særleg vassbehov, og desse har blitt særleg budde på situasjonen, mest for å vera på den sikre sida.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me trur og håpar at prosedyren vil gå knirkefritt, og då vil vatnet vera trygt i morgon. Men det kan skje ting, og difor har me valt å plassera vasstankar på særleg sårbare stader, seier Kramer.

Luranetunet, Solstrand Hotel & Bad og Kysthospitalet i Hagevik er blant dei som har fått utkøyrt vasstankar. I tillegg har ferjene fått beskjed om å ikkje tappa vatn i kveld. Dei har nemleg for vane å tappa vatn når dei ligg til land om kvelden.

 

Dei einaste som kan ta det heilt med ro er dei som får vatn frå Søvik, eller har vatn frå andre kjelder.