Roger Hoel (Frp) åtvara kommunestyret om konsekvensane av flyktningstraumen. Biletet er frå omvisinga på Fusa ungdomsskule før møtet.
Roger Hoel (Frp) åtvara kommunestyret om konsekvensane av flyktningstraumen. Biletet er frå omvisinga på Fusa ungdomsskule før møtet.

Talte for døve øyre

Roger Hoel (FrP) meinte Fusa burde tenkja seg nøye om før ein sa ja til å dobla talet på flyktningar i 2016. Frp-politikaren talte for døve øyre. Berre partifelle Magne Djuvik var samd i at ti flyktningar er nok.

Camilla Kvamme

camilla.kvamme@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

Då saka om mottak og busetjing av flyktningar i 2015-2019 skulle handsamast av kommunestyret, føreslo Magne Djuvik å halda på vedtaket frå oktober 2013, nemleg å busetja 10 flyktningar i 2016, ikkje 20. Djuvik hevda at forslaget botna i kvaliteten på integreringsarbeidet.

- Vi kan ikkje berre stua dei inn ein stad. Det er det som er vårt poeng, sa Frp-politikaren.

Steinar Skår sådde tvil om argumentasjonen til Frp, og hevda at det snarare handla om framandfrykt. Kommentaren resulterte i påpakning frå Atle Kvåle (Ap).

- Eg må be representanten om å leggja vekk det ordet frå vokabularet sitt, sa varaordføraren.

- Uroa over utviklinga

Roger Hoel (Frp) hevda på si side at han ikkje har noko i mot at Fusa skal ta i mot flyktningar, men at det er ein del ting ein bør vera obs på.

Frp-politikaren fortalde at han hadde byrja å følgja med på utanlandske nyhendesendingar av di han meinte norske nyhende var for einsidige. Han fortalde òg om ein dokumentar han hadde sett frå ein flyktningleir i Frankrike der det var mange nordafrikanske menn på jakt etter eit betre liv.

- Kvinnene i leiren måtte følgjast på do to gonger om dagen for ikkje å verta valdteken. Eg er uroa. Kva slags folk er det som vil inn i Europa? sa Hoel og la til:

- Kva signaleffekt gjev det dersom vi opnar opp for mykje, dersom ein seier at her er alle velkomne? Velferdssamfunnet vil bli hardt råka. Vi må vera budde på å gje frå oss ein del goder på sikt.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Hjarteleg velkomne

- Dette var drøy kost. Eit menneske på flukt er eit menneske på flukt, og dei er hjarteleg velkomne til Fusa. Vi skal ikkje døma nokon før dei er her, understreka ordførar Hans S. Vindenes (Sp).

- Eg ser også mykje på utanlandsk TV, og ei viktig årsak til at det har gått så bra med Tyskland dei siste åra, er at dei har fått arbeidskraft frå andre land. Fusa ønskjer seg fleire fusingar. Det spelar inga rolle kva farge dei er. Så lenge dei ønskjer å bidra til samfunnet, er det fullt mogleg å få til dette. Det er i alle fall eg overtydd om, sa Gustav Folkestad (V).

Forslaget frå Frp fekk berre to røyster. Dermed sa kommunestyret i Fusa, med eit solid fleirtal, ja til å husa 20 flyktningar i 2016.