Takka for seg
Det sitjande plan- og bygningsutvalet har hatt sitt siste møte. Fleire av dei kjende andleta blir ikkje å sjå i det komande utvalet.
Torsdag hadde plan- og bygningsutvalet sitt siste møte i denne perioden. Møtet vart innleidd med at Gustav Bahus (Frp) viste film med Rowan Atkinson som streng rektor. Om det var eit frampeik på korleis han sjølv vil styra plan- og bygningsutvalet som den komande leiaren, skal vera usagt. Men at Bahus vil bidra med tonnevis av humor i elles tørre møte med lange saksdokument, er i alle fall på det reine.
Kjem ikkje tilbake
Avtroppande leiar Ståle Skaatun (H) sa takk for seg, og la til at han gjorde det med eit visst vemod.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det har vore nokre kjekke, men arbeidskrevjande år. Eg takkar for meg, og kjem heller ikkje tilbake på noko varamannsliste, sa Skaatun om dei fire åra han har styrt utvalet.
Sidan Frp gjekk fram på bekostning av Høgre under kommunestyrevalet, får Frp tilbake leiarstolen i utvalet, medan Høgre på si side får leiaren for tenesteutvalet.
Tok avskil
I tillegg til utvalsleiaren tok også fleire andre avskil. Torill Keys (Ap) stilte ikkje til attval i år, og hadde sitt siste møte. Ingrid Netland (Sp) er også ute av politikken (ho har vore vara til plan- og bygg i perioden).
Det er elles ikkje offentleggjort enno kven partia vil stilla med i det komande utvalet. Unntaket er offentleggjeringa av samarbeidet mellom opposisjonspartia, som har medført at Sigrid Aanestad Bakke (KrF) og Terje Sperrevik (TvS) blir med over til det nye plan- og bygningsutvalet.
Etter møtet var ferdig, vart det feira med avslutningsmiddag på Kafé Engeline.