Mellom fem og ti tre blokkerte vegen, og familien frå Os kom seg ikkje heim frå Fusa. (Skjermdump frå Snapchat)
Mellom fem og ti tre blokkerte vegen, og familien frå Os kom seg ikkje heim frå Fusa. (Skjermdump frå Snapchat)

- Takk skal du ha, Urd

Middagsbesøket i Fusa blei litt lengre enn familien frå Os hadde sett føre seg.

- Ferja var innstilt, så vi måtte køyra om Holmefjord og Tysse for å koma oss heim frå familiebesøket, seier Anne-Mette Herfjord.

- Berre litt ruskavêr

Men familien kom ikkje så langt.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vegen var blokkert. Eg trur det må ha vore mellom fem og ti store tre som låg over vegen, seier Herfjord og held fram:

- Vi måtte snu og returnera til familiebesøket. Der blei vi verande eit par timar, før vi fekk melding om at vegen var opna att.

Teknisk vakt og brannvakt i Fusa, Øystein Havsgård, fortel at han høyrde om trevelt i går kveld.

(Skjermdump frå Snapchat)
(Skjermdump frå Snapchat)

- Eg fekk høyra om det via, via. Det er ikkje vårt bord, men Statens vegvesens. Dei ordna opp, seier Havsgård, som elles merka lite til Urd.

- Det var ikkje meir enn litt ruskavêr. Samanlikna med stormen Nina, var dette ei heilt anna verd. Det var lite som skjedde i Fusa, seier Havsgård.

Ros til Fusa Kraftlag

Straumen var borte i delar av Fusa i korte periodar i går kveld. Jostein Lygre ønskjer å takka Fusa Kraftlag for innsatsen i går.

- Eg vil gje dei ros for innsatsen. Eg kunne sjå ljosa av dei oppe i skogen, og dei stod verkeleg på. Om sjefen til dei som var på jobb i går kveld og på natta les dette, så vil eg seia at dei fortener to ekstra lønstrinn ved neste forhandling, seier Lygre og smiler.