Tajik er sjukemeld - kjem ikkje til Os
Aps nestleiar må melda forfall som hovudtalar i Bergen og besøket til Os utgår. Ny talar på Os er på plass.
Tajik skulle vore hovudtalar på Torgallmenningen 1. mai. I staden blir det Bergen-ordførar og andrekandidat på Aps liste til valet, Marte Mjøs Persen, som held talen her.
Tajik skulle også kome på besøk til Os tidlegare på dagen. No kjem stortingsrepresentant Jette Christensen i staden.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Vi er sjølvsagt leie oss for at Tajik ikkje kan koma til oss denne gongen, men vi har fått ein flott erstattar i Christensen. Ho er ein glitrande talar, så berre gled dykk og møt fram, seier Bjørnafjorden Aps ordførarkanidat Trine Lindborg.