Ulvenvegen (til høge på biletet) vert stengt frå 6. november. Deretter blir Svegatjørn ein saga blott.
Ulvenvegen (til høge på biletet) vert stengt frå 6. november. Deretter blir Svegatjørn ein saga blott.

Ta ein siste kikk på Svegatjørn

Fredag 6. november vert Ulvenvegen stengt. Samtidig tek Vegdekke til å suga vekk Svegatjørn.

Entreprenør Veidekke har nyleg levert sin framdriftsplan til Statens Vegvesen. Der går det fram kva datoar dei har sett for haustens arbeid med den nye motorvegen til Bergen.

- Ulvenvegven må stengast før me kan starta med tunelldrivinga. Men aller først må det etablerast ei ny busslomme ved Os vidaregåande skule, seier byggjeleiar Kari Bremnes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Toårig omkøyring

Frå 6. november av skal trafikken frå Ulvenvegen (som inkluderer trafikk frå Lysefjorden, Hagavik og Strøno) gå via Kolskogheiane og Industrivegen. Slik skal køyremønsteret vera i to år framover, opplyser Bremnes.

Pga. den forventa trafikkveksten, har Os kommune og Statens Vegvesen alt innført fleire trafikale tiltak i Industrivegen. Mellom anna er vegen blitt forkøyrsveg, og det er kome gangfelt ved krysset mellom Kolskogheiane og Industrivegen. Busslomma er det siste som står att på dette arbeidet.

- Bygginga av busslomma ved Kolskogen vil pågå frå 12. oktober til 5. novebemer. Så snart Ulvenvegen er stengt, vil entreprenøren starta nedsenking av Svegatjørn, fortel Bremnes.

Statens Vegvesen)
Statens Vegvesen)

Tjørna som på kartet heiter Mørkatjørna, er cirka sju meter djupt på det djupaste. Etter at vatnet er fjerna, tek forskjeringa på den første tunellen til.

Tunellboring om tre månader

Det første som etter planen skal skje i 2016 er boring av tunell gjennom Skogafjell. Denne tunellen blir 1,5 kilometer lang. Steinmassane frå tunellboringa skal leggjast i Endelausmarka. Når tunellsprenginga er ferdig skal Skogafjellstunellen vera hovudtunellen for anleggstrafikken til Endelausmarka.

I mai 2016 blir den andre trafikkomlegginga i samband med nye motorvegen innført. Då skal ferjetrafikken frå Stavanger og den øvrige trafikken frå Halhjem leggjast om Osøyro, medan trafikken frå Bergen mot Halhjem vil gå som i dag. Dette skal vara i cirka fire månader.