16. august er går starten av Tour de Fjords frå Os sentrum.
16. august er går starten av Tour de Fjords frå Os sentrum.

- Ta beina fatt

Onsdag 31. august kjem mange av verdas beste syklistar til Os, og Øyro må stengjast for trafikk. Sentrumsforeininga bed om at folk tek beina fatt.

I samband med sykkerittet Tour des Fjords blir Os sentrum stengd frå tysdag 30. august klokka 21 til onsdag 31. august klokka 21.

- Som følgje av sykkelrittet er det forbod mot parkering i heile sentrum. Alle bilar som står parkert innanfor dei raude områda vil bli fjerna for eigars rekning, opplyser Os kommune i ei pressemelding, og legg til at bilane vil bli taua av Falck.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skal du til Oshaugen i den aktuelle perioden må du køyra om Finnebrekka.

Os sentrumsforeining utfordrar på si side alle tilsette i privat sektor, butikkar, salongar og alle kommunalt tilsette til å ta beina fatt, sykla eller nytta kollektivtransport denne dagen.

På den måten håpar sentrumsforeininga på parkeringsgrunnlag for besøkande til butikkar på åttetimars-parkeringane utforbi sjølve sentrum.

- Vi satsar jo på eit folkeliv utan like og håpar på mange blide syklande, gåande og kollektivtrafikk-brukarar, uttalar sentrumsforeininga.