Synest Os er for passiv i høve til Aust-vest-sambandet
Ordførar Atle Kvåle ønskjer ordførarkollega Marie Bruarøy meir på banen. - Me skal bli éin kommune, og bør tala med éi røyst, seier han.
Denne veka sende ordførar i Fusa kommune i lag med ei rekkje andre ordførarar og interesseorganisasjonar i Hordaland inn ein uttale til samferdsleministeren. Der viser dei til lekkasjane frå NTP-en, og satsinga på E134 som det kjem signal om der. Men ordførarane saknar det det dei meiner bør vera eitt av "dei høgast prioriterte prosjekta" i vår region. Det dreier seg om Hordalandsdiagonalen (frå Odda via Fusa til Bergen), som Statens Vegvesen har sagt har stort samfunnsøkonomisk potensiale (sjå sak under).
Kor er Os?
Medan kommunar som Samnanger, Jondal, Kvinnherad, Odda og Kvam har signert, er ikkje ordføraren frå Os å sjå blant dei som har signert.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ordførar Atle Kvåle seier at han generelt saknar større engasjement frå Os kommune si side i høve til aust-vest-sambandet.
- Kvifor har Os kommune vore så passive i høve til å meina noko om denne viktige vegen? Eg har ikkje registrert at dei har kome med noko signal i høve til det.
Han viser også til KVU Gol-Voss, som er eit av alternativa som blir utgreidd i samband med aust-vest-vegen. Der gav heller ikkje Os nokon lyd frå seg.
- Andre kommunar gjev høyringsuttale - kva er det som gjer at Os kommune glimrar med sitt fråvær, spør Kvåle.
At Os og Fusa skal bli ein kommune meiner han bør vera grunn god nok til at kommunane no bør begynna å samkøyra seg i samferdslepolitiske spørsmål.
Bruarøy: - Fekk ikkje invitasjonen
Ordførar Marie Bruarøy tek kritikken med knusande ro. Ho viser til at ho ikkje vart invitert med på uttalen som no er sendt til samferdsleministeren.
- Det er ikkje noko i vegen for at eg kunne ha støtta opp om det, men det er vanskeleg å signera på noko du ikkje får tilbod om å signera, seier Bruarøy.
Ho viser vidare til at det finst fleire variantar av Hordalandsdiagonalen, og Os ligg gunstig plassert same kva for ein av dei som blir valt.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Men når Fusa og Os skal slåast saman, må ein vel begynna å tenkja som ein felles kommune?
- Ja, det er ingenting i vegen for at me kunne gjort felles sak i dette spørsmålet. Elles brukar me jo også fylkespartia våre til å gje uttalar i slike spørsmål. Kva Os meiner isolert sett, trur eg betyr mindre, seier ho.
Når det gjeld KVU Gol-Voss, fortel ho at den ikkje kom til høyring hjå Os kommune.
- Me får berre gje høyringsuttale på saker som naturleg vedkjem oss. Skulle me ha gjeve uttale til den, måtte me aktivt ha oppsøkt saka, seier ho.
UTTALELSE TIL SAMFERDSELSMINISTER KETIL SOLVIK-OLSEN Vedr. NTP 2018-2029, E134 med «ARM TILBERGEN»
De siste dagers slipp fra NTP bekrefter at det kommer prosjekter på E134 i tråd med satsing på øst-vest, noe vi anser som svært positivt. Det vedlagte kartet viser det vi forstår er prosjektene i Hordaland. Her mangler imidlertid det som vi mener må være et av de høyest prioriterte prosjektene i vår region.
Gjennom Øst-Vest-utredningen av januar 2015, og KVU Gol-Voss og KVU Gvammen-Vågsli i 2016, har Statens vegvesen grundig dokumentert det store samfunnsøkonomiske potensialet som ligger i full utbygging av E134 inklusiv "arm til Bergen". Vegvesenets konklusjoner er bekreftet og styrket gjennom kvalitetssikringen (KS1) av begge KVU-rapportene.
Anbefalingene fra Statens vegvesen har fått oppslutning fra fylkeskommunene i Hordaland, Telemark, Rogaland og Sogn og Fjordane. I tillegg har svært mange kommuner (bl.a. Bergen kommune), LO og NHO nasjonalt, samt Norges Lastebileier-Forbund (NLF), uttrykt sin sterke støtte.
Næringslivets representanter for mer enn 3500 bedrifter, med 60 000 ansatte og en samlet omsetning på over 300 milliarder kroner, har gjentatte ganger understreket hvor viktige det er å snarest få realisert Vegvesenets anbefalinger.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ny NTP må derfor stadfeste konkrete tiltak allerede for første periode (2018-2021) i tråd med Øst-Vest-utredningen. Dette må etter vår mening inkludere følgende:
1. Oppstart av Seljestad-Røldal må komme i første planperiode.
2. KVU på «arm til Bergen» må bestilles ved fremlegging av NTP før påske.
Roald Aga Haug (sign)
Ordfører Odda kommune
Atle Kvåle (sign)
Ordfører Fusa kommune
Jon Larsgard (sig)
Artikkelen held fram under annonsen.
Ordfører Jondal kommune
Jostein Ljones (sign)
Ordfører Kvam Herad
Peder Sjo Slettebø (sign)
Ordfører Kvinnherad kommune
Harald Førland (sign)
Ordfører Samnanger kommune
Helene Seim (sign)
Artikkelen held fram under annonsen.
Direktør Boliden
Harald Grande (sign)
Direktør TIZIR
Per Øyvind Sævartveit (sign)
Direktør SØRAL
Arnfinn Førsund (sign)
Hordalandsdiagonalen AS
Roald Aga Haug (sign)
Artikkelen held fram under annonsen.
Haukelivegen AS
Sverre Olav Handeland (sign)
Sunnhordlandsdiagonalen AS