100 km/t: Syklisten risikerer at det vert oppretta sak etter turen.

Syklist (!) i Lyshorntunnelen

Politiet stoppa syklisten to kilometer inn i Lyshorntunnelen.

Klokka 11.37 melde Vest politidistrikt på Twitter at ein syklist var på veg mot Bergen gjennom Lyshorntunnelen.

Det er som kjent 100-sone her, og strengt forbode for syklistar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tunnelen vart raskt stengd.

Klokka 11.45 opplyser operasjonsleiar Stine Mjelde ved Vest politidistrikt at politiet har fått med seg syklisten inn i politibilen. Alder og kjønn er så langt ikkje opplyst.

Vegen er dermed opna igjen.

— Dei vil nok ta ein prat med vedkomande når dei kjem ut av tunnelen, seier Mjelde.

Ho kjenner førebels ikkje til om det er snakk om ein «lokal helt» eller ein turist.

— Men det er vel slik at dei fleste veit at ein ikkje skal sykla på ein motorveg.

— Kan han venta seg nokon reaksjon på hendinga?

— Det veit eg ikkje enno. I utgangspunktet kvalifiserer det til ordensforstyrring, men patruljen vil nok fyrst ta ei vurdering på kor farleg denne konkrete situasjonen var.