Svindla til seg 300.000 kroner
Ein mann heimehøyrande i Os er tiltala for grovt bedrageri.
Opplysningane på meldekortet til ein mann i 40-åra danna grunnlag for automatisk berekning og urettmessig utbetaling av til saman kroner 284.336 – noko som medførte tap eller fare for tap for NAV, heiter det i tiltalen.
I periodar frå september 2012 til mars 2015, sende vedkomande elektroniske meldekort til NAV, kor han let vera å føra fråvær for dagar kor han faktisk var i utlandet. Han leverte heller ikkje søknad til NAV for å få godkjent utanlandsopphalda på førehand. I tiltalen er det lagt vekt på at mannen med hensikt har prøvd å skaffa seg urettmessig vinning ved bruk av ukorrekte eller ufullstendige opplysningar. Det blir også lagt vekt på at bedrageriet er grovt då handlingane til mannen har medført betydeleg økonomisk skade. Saka skal opp i Bergen tingrett 8. februar.