Svanene er komne til Mobergsvikjo
Ikkje mat svanene i Mobergsvikjo. Mat dei heller på brygga, rådar svaneven Sølvi Bugge.
Svanene liker seg i Mobergsvikjo. Der har dei høve til å gå på land, og tilgang til ein stor grasplen.
- Svanene er utruleg glade i gras, og det er ikkje så mange andre plassar dei kan gå og eta gras, seier Bugge.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ver roleg med svanene
Det er fleire som ikkje har noko i mot at svanene er i Mobergsvikjo, men det er heilt til det skjer noko, skal vi tru Bugge.
- Om du ikkje irriterer svanene, så vil dei ikkje angripa eller oppføra seg trugande. Dei gjer ingenting om du er roleg. Dei er kanskje nysgjerrige, og viss eit born hyler og skrik fordi ein svane nærmar seg, er det lett for at svanene blir litt skremde også. Då kan dei opptre meir utagerande, fortel Bugge.
Ho fortel om ein mann som datt i sjøen når han prøvde å mata svanene.
- Eg trur svanene blei like skremde som han. Men dei var snille og mannen kom seg opp igjen i fred og ro. Han hadde ikkje gjort dei noko, og då oppfører dei seg fint, dei også.
Farleg med badeleiker
Svanene har fleire gongar blitt observert plaga av folk med små båtar. Det vil dei ha "hemn" for, ifølgje Bugge.
- Ungar som sit på badeleikar kan minna svanene på dei som har køyrd i småbåtar. Difor kan svanene opptre meir aggressivt. Foreldra må passa på, oppfordrar Bugge.
Ho nemner også ei konkret hending.
- Det var ein gut som blei nappa i foten av ein svane. Han sat på ein badeleike. Det er ikkje ei hyggeleg oppleving. Difor tilrår eg å ikkje mata svanene i Mobergsvikjo. Om du matar dei, kjem dei tilbake. Mat dei heller ved bryggen i sentrum, seier Bugge.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ho rådar til å ta ein tur innom svanehjelpen i Os sine nettsider, for å læra korleis ein skal oppføra seg mot svanene.