Svært nøgde med utfallet
Dei tillitsvalde i Fusa synest det er flott at prosessen held fram, slik planen var i utgangspunktet.
Camilla Kvamme
camilla.kvamme@osogfusa.no
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg har vore skikkeleg engsteleg den siste veka. Om vi ikkje hadde gått vidare med prosessen trur eg faktisk vi hadde stått i fare for å mista fagkompetanse vi treng i Fusa kommune, seier hovudtillitsvalt i Delta/YS Linda Ann Lohne,
Saman med Siw Ingrid Kaland frå Fagforbundet og Svanhild Håland Riise frå Utdanningsforbundet har Lohne vore del av styringsgruppa til kommunereforma i Fusa.
- Vi meiner det er kjempeviktig å lytta til fylkesmannen sine råd i denne sak. Vi vart veldig overraska over ordføraren sitt utspel i førre veke, seier Lohne.
- Viktig med større fagmiljø
No held forhandlingane fram. Som følgje av at Tysnes har sagt nei til vidare samarbeid, må intensjonsavtalen mellom dei tre kommunane endrast.
I den samanheng peikar Lohne på kor viktig det er at tryggleiken som vart forhandla fram på vegner av dei tilsette står ved lag.
- Det er utruleg viktig å skapa trygge prosessar for dei tilsette i ei slik sak. Kommunereforma gjer at vi får større fagmiljø, og for dei med spisskompetanse innan ulike felt vil det vera utruleg viktig. Fleire av våre medlemmer ønskjer ei endring når det gjeld større fagmiljø, og dei ser på kommunereforma som ein moglegheit, seier Lohne.
Ho er nøgd med at innstillinga frå kommunestyret onsdag vart samrøystes, og at politikarane har lytta til dei tillitsvalde sine innvendingar.