Svært mange utan bilbelte
Torsdag hadde Statens vegvesen bilbeltekontroll fleire plassar i Os. Resultatet var nedslåande.
- Rett nok via me heile dagen i Os og stansa mange køyrety, men resultatet var ikkje bra. Alt for mange sat i bil, buss eller lastebil utan å bruka bilbelte, seier kontroll-leiar Lars Harald Drange.
Fekk åtvaring
Vegvesenet starta kontrollen sin ved Vognhallen i Os sentrum. Her stansa dei totalt ti bussar.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Jamt over kan me seia at om lag halvparten av alle passasjerane sat utan bilbelte. Denne gongen sleppte dei unna med ei åtvåring. Neste gong vert det 1.500 kroner i bot, seier Drange.
Etter lunsj forflytta han og kollegaane seg til Industrivegen. Her var dei ettermiddagen ut.
- Samla delte me ut 11 forenkla førelegg for manglande bruk av bilbelte. I tillegg fekk 13 bilistar skriftleg mangellapp. Ein sjåfør er også meldt for å ha køyrd med uregistrert hengjar, fortel Drange.