NRK)
NRK)

- Svært dyktig

Statsminister Erna Solberg ser fram til å samarbeida med Terje Søviknes, og omtaler han som svært dyktig.

Erna Solberg omtalte i ettermiddag skifta av statsrådar i regjeringa, der Terje Søviknes overtek for Tord Lien som olje- og energiminister.

- Søviknes er ein svært dyktig og innovasjonsrik mann frå vakre Os, der han har vore ordførar i ei årrekkje. Det er nesten ei bragd å bli attvald så mange gonger som Søikvnes, med betre resultat nesten kvar gong, sa Solberg på ein pressekonferanse i ettermiddag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho påpeika at Søviknes kjem frå ein region der olje og energi har stor betydning, og at han kjenner godt til næringa og dei utfordringane som ligg der.

- Han kjenner godt til korleis Vestlandet er råka. Han har viktige oppgåver foran seg. Det er tøffe utfordringar og det er mykje som må skje på dette området. Eg gler meg til å samarbeida med Søviknes, sa Solberg.