Styrkjar undervisinga i lesing og rekning
Elevar i barneskulane i Os som slit i lesing og rekning skal få ekstra oppfølging.
Prosjekt betre læringsresultat er tilført 2,3 millionar kroner gjennom budsjettet for 2016. To av desse millionane skal gå til å styrkja undervisinga for dei elevane i andre- og tredjeklasse som heng etter i lesing og skriving. Midlane er nok til å dekkja 3 pedagog-årsverk, som skal fordelast på dei ulike barneskulane utifrå tal klassar på 2. trinn.
"Forsterkingslærar"
Styringsgruppa for Prosjekt betre læringsresultat legg til grunn at kvar skule organiserer pedagog-ressursen dei er tildelt, slik at den gir den beste løysinga for den aktuelle skulen. Målet er - i tråd med prosjektet - å sikra tidleg innsats.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er eit krav at pedagog-midlane ikkje vert nytta til vikartimar eller andre ordinære oppgåver, men at det vert utpeika ein såkalla forsterkingslærar ved dei ulike skulane. Denne er tenkt å gå inn eit nettverk eller kompetanse-team i regi av oppvekst-området i kommunen.
Pedagogen eller forsterkingslæraren skal følgja opp dei elevane på 2. og eventuelt 3. trinn som treng ekstra hjelp og støtte i lesing og rekning, og det skal leggjast til rette for tilpassa undervising.
Leiinga på skulane og skuleeigarane skal kartleggja elevgrupper med svake dugleikar i lesing og rekning gjennom mellom anna elevvurderingar, kartleggingsprøver.
Ny psykologstilling
I tillegg til å styrkja undervisinga i lesing og rekning, går oppvekst og kultur inn med 300.000 som delfinansiering til ei ny psykologstilling, i lag med helse-, omsorg og beredskap.
Psykologstillinga vert organisert under Helse, nærare bestemt i det ressursteamet «Tidleg inn».
- Å tidleg avdekka og ta tak i ei eventuell "skeivutvikling" hos eit barn eller eit vanskeleg samspel i ein familie, er førebyggande på fleire nivå og område, heiter det i grunngjevinga frå styringsgruppa i Prosjekt betre læringsresultat.
Stillinga er primært tenkt knytt opp mot foreldrerettleiing på lågterskelnivå, og som ei vidareføring av og supplement til De Utrolige Årene-satsinga i barnehagane.