Lars Skorpen, Kristoffer Skorpen, Mathias Gaasdal, Niclas Tjore Solgård og Ida-Marie Tjørnevig i spagat foran.
Lars Skorpen, Kristoffer Skorpen, Mathias Gaasdal, Niclas Tjore Solgård og Ida-Marie Tjørnevig i spagat foran.

Strøno i spagaten

1. klasse ved Strøno skule er ein kreativ gjeng. Innimellom rekning og lesing dansar dei jula inn til Vennebyens julesong.

Når journalisten kjem inn i klasserommet ein torsdag ettermiddag, er anlegget på full guffe medan andreklasselærar Solfrid Forstrønen snurrar ein av elevane sine rundt på golvet.

Andre og fyrste klasse har ein av sine faste timar saman, og det er tydeleg godt å få ut litt energi.

Artikkelen held fram under annonsen.

- No var de flinke. De skal få seks stykke, seier Forstrønen og teiknar opp seks stjerner på tavla. Eit synleg teikn på at elevane har oppført seg fint.

2. klasse forlet rommet og igjen sit ni fine fyrsteklassingar. Fleire av dei har tydeleg pynta seg til avisa skulle koma på besøk. Deriblant Fredrik som stiller med nybarberte rillar på sida og gelestyla hanekam på toppen.

- Eg har ordna det sjølv, seier han stolt.

Også Mina har gjort det vesle ekstra for fotografen, og har funne ein nydeleg, gamalrosa tyllkjole frå klesskapet.

Hytte og trekran

SFO-leiar Grete Hellebø kan bekrefta at vi har med ein kreativ gjeng å gjera.

- Dei er herlege, og dei finn på alt mogleg, smiler ho.

Niklas rekkjer opp handa for å fortelja litt om kva han gjer på i friminutta.

- Oppe i skogen har eg og Fredrik bygd ei trekran. Før hadde vi ei hytte også, men den vart øydelagd i ein storm.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ida Marie vert inspirert av sidemannen og vil også gjerne fortelja noko.

- Eg kan gå ned i spagat! Og her på skulen har vi lært å retta opp handa før vi snakkar, seier ho.

Også resten av klassen slenger seg med. Vi får høyra om hamstrar, avdøde kattar og kunstverk av glasbrot.

Jaudå, sjølvsagt har det vore stas å læra om både bokstavar og tal denne hausten, men elevane påstår likevel hardnakka at dei gler seg til juleferien.

- Men vi kjem til å sakna læraren, altså, seier ein av gutane.