Harald Døsen (Ap) vil ikkje ha utbygging på Bjånes før Hatvikvegen er opprusta.
Harald Døsen (Ap) vil ikkje ha utbygging på Bjånes før Hatvikvegen er opprusta.

Strid om Bjånes-strategi

Opposisjonen vil leggja Bjånesutbygging på vent til Hatvikvegen er ferdig, medan Frp/H seier køyr på. - Det vil skapa eit mykje større press på fylkeskommunen til å hosta opp midlar til Hatvikvegen, seier ordføraren.

Dei fire politiske sakene som vart behandla tysdag, gav eit endeleg klarsignal til Bjånesutbygginga. I alle sakene teikna det seg eit klart skilje midt i kommunestyresalen - der opposisjonen var motstandarar og posisjonen tilhengjarar.

Stridens kjerne

Stridens kjerne var som vanleg kor vidt fullt utbygd gang- og sykkelsti skal vera på plass før utbygginga går i gang. Medan Frp/H trudde at noko slikt berre ville kosta 30 mill. kroner då dei lovde dette for nokre år sidan, har beløpet mangedobla seg etter at Statens Vegvesen har rekna på det. No er talet ifølgje Gustav Bahus (Frp) 380 mill. kroner for fullt utbygt Hatvikveg, og 110 mill kroner fram til nye innkøyringa til Bjånes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Problemet er at det å få slike summar frå fylkesvegbudsjettet vil ta mange år. Frp/H viser dessutan til at ein slik kostnad vil vera fullstendig urimeleg å leggja på ein utbyggjar.

- Me er nøydde å realitetsorientera oss når slikt skjer, sa Terje Søviknes (Frp).

Ordføraren og rådmannen har i staden forhandla fram ein avtale med utbyggjar som medfører at Bjånes Fjordboliger betaler den delen av Hatvikvegen som blir gang- og sykkelsti. Estimert til 20 mill. kroner. I tillegg forskotterer dei 15 mill. kroner til vegprosjektet.

"Os inspirerer" i revers

Men opposisjonen var ikkje imponert. Harald Døsen hadde ikkje noko tru på at Frp - med den politiske erfaringa dei har opparbeidd seg - ikkje hadde vore i stand til å forutsjå at prislappen ville veksa. Han minna Bahus og Søviknes på kva dei hadde lova, og at dei no gjekk tilbake på lovnaden.

- Kven er det eigentleg som styrer osbygda - er det utbyggjarane eller innbyggjarane? I kommuneplanen står det at Os inspirerer. Me gjer det me seier. Me vil ikkje vera dei som lovar og lyg, sa Døsen.

Ingrid Netland (Sp) følgde opp, og kalla heile saka skammeleg.

- Me lyttar ikkje med respekt til dei som bur der. Me skapar ikkje entusiasme. Me gjer ikkje det vi seier. Og resultatet skjer utelukkande på utbyggjar sine premissar, sa Netland.

Jostein Bondevik (KrF) viste til at politikarane for berre ein time sidan hadde vedteke ny kommuneplan. Der står det bl.a. at "80 prosent av born og unge skal (kunna) gå eller sykla til og frå skulen på trygge sykkelvegar". Like etterpå eit slikt vedtak, skulle politikarane altså vedta ein plan som går på tvers av dette.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dersom planen ikkje skal gjelda like etter me har vedteke han, kva tid skal han eigentleg gjelda? spurde Bondevik.

Brekkstang-strategien

Terje Søviknes (Frp) svarte med eit spørsmål.

- Korleis trur de me raskast kjem fram til målet om gang- og sykkelsti langs Hatvikvegen? Er det ved å stå knallhardt på kravet om full oppgradering av Hatvikvegen før start, og berre venta på at fylkeskommunen skal finansiera det fullt ut? Elles er det betre å forhandla fram ein utbyggingsavtale som i neste omgang skaper press på fylkeskommunen om å stilla med sin del av midlane?

Søviknes la til at han ikkje var i tvil om at å bruka dette som brekkstang mot fylkeskommunen var den langt mest effektive strategien.

Søviknes gjekk også i rette med påstanden om at dei berre går utbyggjars ærend.

- Her har me altså fått utbyggjar med på eit relativt stort bidrag til ein fylkesveg. I tillegg vil me skapa mykje næringsaktivitet i bygda ved å få i gang dette prosjektet. Mange i opposisjonen vil ha ein aktiv næringspolitikk og skapa arbeidsplassar. Kvifor forsvinn det ut av vindauget så snart me snakkar om arealpolitikk? spurde Søviknes.

Tore Rykkel (V) var ueinig i brekkstang-strategien til Søviknes.

- Det ein no gjer er å la problema tårna seg opp, og så bruka det for å få fylkeskommunen til å gripa inn med midlar. Det er ein dårleg måte å gjera det på. La heller fylkeskommunen komma med sin plan, og så kan me diskutera det, sa Rykkel.

Artikkelen held fram under annonsen.

Korleis nå fram i budsjettkøen

I svarreplikken gav Søviknes tilhøyrarane eit innblikk i korleis ein når fram i budsjettkøen i fylkestinget.

- Ein ting er eg i alle fall trygg på etter mange år på fylkestinget. Det er ikkje dei som er snillast i klassen og som berre leverer sine fromme ynskje om vegløyvingar, som når først fram i køen. Nei, det er alles kamp mot alle. Det er på med rustninga og fram med dei spisse olbogane. Det er jo ein grunn til at så mange kommunar kjem til fylkeskommunen med tilbod om forskottering og anleggsbidrag. Då rykkjer ein fram i køen. Og som fylkespolitikarar skjønar me at me må ta agnet - for då får me samla sett gjort meir med dei ressursane me har til rådvelde, forklarte Søviknes.

Deretter vart områdereguleringa for Moldegård og detaljreguleringane for Grovskaråsen og Moldegård, samt utbyggingsavtalen vedtekne mot opposisjonens 16 røyster.