Streikevarsel på 24 tilsette i Bjørnafjorden kommune. Desse tenestene kan bli råka
– Om partane ikkje kjem til semje i meklinga innan midnatt, blir det streik.
Det går fram av ei melding på Bjørnafjorden kommune si nettside.
Vidare kan ein lesa at Bjørnafjorden kommune har motteke varsel om streikeuttak frå Fagforbundet og FO.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Blir det streik, vil det ramma fleire tenesteområde i kommunen. Tenestemottakarar som vert direkte berørte vil få nærare orientering, heiter det.
Bjørnafjorden kommune har motteke lister over tilsette som kan bli tatt ut i streik frå tysdag. I denne omgangen er det LO som har varsla uttak. Unio og YS har så langt ikkje varsla uttak.
– Dei sentrale tariffpartane i kommunesektoren er i mekling om resultatet av årets lønsoppgjer. Om partane ikkje vert samde innan midnatt 23. mai, blir det streik. Ein eventuell streik kan omfatta éin eller fleire av forhandlingssamanslutningane, går det fram av meldinga.
Første moglege streikedag er tysdag 24. mai frå arbeidstidas start. Til saman er det streikevarsel på 24 tilsette i Bjørnafjorden kommune.
Tenester som kan bli råka
I dette streikevarselet kan følgjande tenester, i større eller mindre grad, verta råka av streiken (frå éin til fleire tilsette):
• Eigedom drift
• Barnevern
• Familiens hus
Artikkelen held fram under annonsen.
• Nav
• Luranetunet – dement og buavdeling
• Heimebaserte tenester Os
• Kuhnletunet dagsenter
• Varafjell avlastning
• Bjørnafjorden bibliotek
• Administrative funksjoner på rådhuset
Til sist opplyser kommunen om at ein vil informera fortløpande om følgjene av streiken via nettside og andre kanalar, når ein har det klart.