Strandvikmarknaden for femte gong
Laurdag er det klart for femte utgåve av Strandvikmarknaden. Sjølv om ferja er innstilt reknar arrangørane med storinnrykk.
- Strandvikmarknaden er blitt ein kjent og populær marknad. Sjølv om ferjesambandet mellom Hatvik og Venjaneset ikkje går denne laurdagen, trur me på godt med besøkande, seier Tone Vik i arrangørkomiteen.
Hønsedritebingoen og andesleppet er naturlege "høgdare" under folkefesten i bygda.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Hønsedritebingoen blir garantert bra. Me har sendt hønene i hardtrening, humrar Vik.
Stor gjestehamn
Strandvikmarknaden bruker å samla folk frå heile Fusa og nærliggjande kommunar. Når ferja no ligg stille, trur arrangørane at mange finn vegen i eigne farty på sjøen.
- Me har stor gjestebryggje med plass til mange båtar, og flotte fasilitetar. Elles har me sjølvsagt godt med parkering for bilar. Osingane kan jo berre køyra rundt Tysse, Holmefjord og Eikelandsosen, så er dei her, seier Vik.
Tradisjonen tru vert det mykje lokale råvarer og produkt på marknaden. Mest populær vert kanskje rauddravlen.
- Me er så heldige å ha ei gruppe bondekoner som lagar til dravlen. Det er ein skikkeleg tøff og tung jobb, men resultatet er fantastisk. I år lagar dei 70 liter. Normalt bruker forsyninga å halda i ein halv time, humrar Vik.
- Elles vert det filippinsk mat, mat frå Eikhaugen gard, produkt frå Tønnegarden og Økoskaft frå Dalland og mykje anna, legg ho til.
Song og musikk
For tredje året på rad er det også innlagt song- og musikkstemne på marknadsdagen i den grøne bygda sør i Fusa.
Blant dei mange som kjem for å underhalda er Eikelandsosen Musikklag, Iman og Rianne de Zwarte på orgel og blokkfløyte, Kor(t)pusten, Strandvik Blandakor og Holmefjorden Musikklag.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Den musikalske underhaldninga vert å få med seg i kyrkja og i Grendahuset, fortel Vik.
Dagen vert avslutta med dans og gruppa «Splint» i Grendahuset.