Stort sett roleg sommarnatt

Årets første sommarnatt forløp stort sett greitt i Os. Sett i lys av at svært mange var ute og lufta vetet hadde politiet på langt nær noko travel natt.

Bryggedansen ved Os Sjøfront samla bortimot 1.000 feststemte osingar. Då dansen var over, fann dei mest festglade vegen til dei vasshola lengre inne i vågen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det var nok eit bra innrykk av folk på uteplassane i Os etter dansen, men storinnrykket gjekk etter det me kan sjå gansk bra. Det einaste me har loggført av problem knytt til dette, var ein litt amper kar som gjorde seg vrang på Peppes. Våre folk kom til og fekk roa situasjonen, fortel vakten ved Bergen Politidistrikt til «Os og Fusaposten». 

Elles fortel han om ein del klagar på feststøy i andre krinser av Os.

- Både frå Lysefjorden og på Lepsøy fekk me klagar på bråk og høg musikk frå festglade menneske. Lensmannskontoret i Os hadde dessverre ikkje høve til å rykkja ut til desse adressene, men ettersom det ikkje kom fleire klagar, reknar me med at dei festglade dempa seg utover natta, seier vakten.

I Os sentrum kom politiet over ein ung mann som blødde frå hovudet. Han hadde blitt slått i hovudet med ei flaske. Mannen vart køyrt til legevakta. Saka er førebels ikkje meldt.

Søndag morgon hadde Os lensmannskontor promillekontroll på Byvegen. 46 bilistar vart kontrollerte. Ingen blåste til raudt.