Storstilt dåp og jubileumsfeiring
Mange hadde funne vegen då Tombregruppen i helga feira 45-årsjubileum.
Jostein Halland
jostein@osogfusa.no
Artikkelen held fram under annonsen.
Tombregruppen er ein av pionerane innan norsk oppdrett med sine 45 år i bransjen.
Dagen starta med dåp av den nyaste forflåten til Tombregruppen. Yngste medlem i Tombrefamilien, Kari Kristine Tombre, var gudmor og stod for den offisielle dåpen av forflåten som ber namnet «Quatro».
Steinsvik, som er leverandør av flåten helsa til forsamlinga og takka for oppdraget.
Etter omvising på flåten sette forsamlinga kursen mot Solstrand Hotel og Bad for storstilt jubileumsfeiring.
Under festmiddagen var det helsingar frå både Fusa kommune og mange samarbeidspartnarar. Dagleg leiar i Tombregruppen, Håkon Tombre, heldt også tale der han takka sine medarbeidarar for arbeidet som vert lagt ned kvar dag i firmaet. Han gikk også gjennom utviklinga som har vore i firmaet og næringa sidan oppstarten for 45 år sidan.