Har venta: – Denne dagen har vi venta på, sa statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) laurdag.

Støre: - No er tida inne – vi fjernar nesten alle koronatiltaka

Vi kan seia farvel til både meteren og munnbind. Laurdag fjerna regjeringa omtrent det som var igjen av koronatiltak.

– Denne dagen har vi venta på, sa statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) då han innleidde pressekonferansen til regjeringa om koronasituasjonen laurdag.

– Avstand mellom oss er ikkje lenger nødvendig. Meteren blir borte, vi fjernar det generelle rådet om å halda avstand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Munnbindpåbodet blir fjerna

Kravet om å ha på munnbind på offentlege stader der meteren ikkje kan haldast oppe, blir fjerna.

Munnbindpåbodet vil no ikkje lenger vera gjeldande på til dømes offentleg transport, i butikkar eller på serveringsstader.

Sjølv om munnbind ikkje lenger vil vera påbode, blir ein tilrådd bruk av munnbind i nærkontakt med personar i risikogrupper dersom ein har forkjølings/luftvegssymptom.

Personar i risikogrupper og uvaksinerte blir òg tilrådde å bruke munnbind ute blant folk i periodar med mykje smitte, dersom det er vanskeleg å halda avstand til andre.

Kravet om isolering ved koronasmitte blir endra til ei tilråding

Det vil heller ikkje lenger vera påbode å isolera seg dersom ein blir koronasmitta.

Regelen har vore at ein må isolera seg i fire dagar ved påvist koronasmitte, men dette blir no endra til ei tilråding.

Trafikklysmodellen på skulane blir avvikla

Regjeringa opphevar trafikklysmodellen i skular og barnehagar. Elevar og tilsette går dermed tilbake til ein meir normal skule- og barnehagekvardag.

Barnehagebarn og skuleelevar treng heller ikkje lenger å testa seg med mindre dei har symptom.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunar har framleis høve til å ta trafikklysmodellen i bruk dersom dei meiner det er nødvendig.

Regjeringa reknar med at mange elevar og tilsette vil bli smitta i tida som kjem, og at høgt sjukefråvær kan bli ei utfordring.

– Eg veit at leiarar og tilsette i barnehagar og skular gjer sitt ytste for at alle barn skal få eit fullverdig tilbod, sjølv om situasjonen framleis er krevjande. Målet vårt er at alle skular og barnehagar skal komme tilbake til normal drift raskast mogleg, seier kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap).