Auka kraftig: – Det er ikkje mange dagar sidan vi innførte nye tiltak, men sidan det har smitten auka kraftig, seier Jonas Gahr Støre.

Støre og regjeringa presenterte desse nye tiltaka måndag kveld: – No er det alvor

No er det alvor, seier statsminister Jonas Gahr Støre, som peikar på at smitten har auka kraftig sidan dei førre tiltaka vart lagt fram førre veke.

– Eg vil byrja med å seia: No er det alvor, seier statsminister Jonas Gahr Støre på den hasteinnkalla koronapressekonferansen til regjeringa måndag kveld.

– Det er ikkje mange dagar sidan vi innførte nye tiltak, men sidan det har smitten auka kraftig, seier Støre, som legg til at det ikkje er noko som tilseier at smittesituasjonen vil snu og at tiltaka derfor må forsterkast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Må prioritera kven som skal testast

Kommunane må gjera ei hardare prioritering av kven som skal testast, varslar regjeringa.

– På grunn av stor etterspurnad etter hurtig- og sjølvtestar må kommunane no gjera ei tydelegare prioritering av kven som skal testast. Regjeringa har samtidig gitt Helsedirektoratet i oppdrag å skaffa til vegar fleire testar omgåande, skriv regjeringa i ei pressemelding.

– Vi har nyleg skaffa 10 millionar hurtig- og sjølvtestar som blir leverte før nyttår. Samtidig skrur vi til og ber Helsedirektoratet setja i gang omgåande med ytterlegare innkjøp, heiter det vidare.

Dette er tiltaka regjeringa innfører frå natt til onsdag 15. desember.

Avstand og sosial kontakt

Alle bør halda 1 meters avstand til andre enn husstandsmedlemer og tilsvarande nære.

Tilrådinga om 1 meters avstand gjeld ikkje på fritida for barn i barnehage- og barneskulealder.

Personar med risiko for alvorleg sjukdomsforløp og uvaksinerte bør skjerma seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein bør ikkje ha fleire enn 10 gjester heime ut over eigen husstand. Ein kan ha inntil 20 gjester ein gong i løpet av jule- og nyttårshøgtida, men det bør vera ein meters avstand mellom gjestene.

Barn i barnehagar og barneskular kan ha besøk frå eigen kohort/klasse/avdeling sjølv om det overstig anbefalt talet på gjester.

Reduser talet på nærkontaktar, men ikkje isoler deg.

Treff andre utandørs når det er mogleg.

Organiserte fritidsaktivitetar

Barn og unge

Barn og unge kan ha organiserte fritidsaktivitetar, til dømes fotballtrening eller korpsøving, men det blir anbefalte avgrensingar i kor mange som kan vera med. Innandørs bør det vera maks 20 stykke, med mindre alle deltakarane er frå same kohort i skule eller barnehage.

Barn og unge i barnehage- eller grunnskulealder kan trena eller øva saman, men vi tilrår ikkje å ha cupar, kampar eller turneringar der barn frå ulike stader samlast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det blir gjort eit unntak for utandørs idrettsarrangement for barn og unge i barnehage- eller grunnskulealder. Dei kan gjennomførast viss barna heile tida kan halda ein meters avstand, og dersom det er mogleg å følgja dei andre reglane om mengd som gjeld for alle arrangement.

Vaksne

Vi tilrår å utsetja eller avlysa gjennomføring av arrangement knytte til organiserte idretts- og fritidsaktivitetar på tvers av ulike grupper, både ute og inne.

Vi tilrår å utsetja eller avlysa organiserte idretts- og fritidsaktivitetar for vaksne som går føre seg innandørs.

Vaksne kan trena eller ha andre organiserte fritidsaktivitetar utandørs, men det er tilrådd å vera maks 20 personar og halda meteren.

Skular, barnehagar og SFO

Det blir innført nasjonalt gult nivå i barnehagar og på barne- og ungdomsskular. Lokale føresegner om raudt tiltaksnivå går føre nasjonalt bestemt gult nivå.

Det blir innført nasjonalt raudt nivå på vidaregåande skular og for vaksenopplæring.

Artikkelen held fram under annonsen.

Grunnskular og barnehagar må sørgja for å ha beredskap for rask overgang til raudt nivå.

Krav til universitet, høgskular og fagskular om å leggja til rette for digital undervisning, ferdigheitstrening og eksamen så langt det er mogleg.

Det kan arrangerast samankomstar for barn i barnehage eller barneskule med heile klassar/avdelingar/grupper med nødvendig talet på vaksne til stades.

Arbeidsliv

Alle som kan ha heimekontor, skal ha heimekontor

Tilråding om 1 meters avstand.

Tilråding om munnbind om det ikkje er mogleg å halda avstand, med mindre det er teke i bruk fysiske barrierar som bruk av skiljevegger eller liknande.

Påbod om å bruka munnbind gjeld i nokre publikumsretta delar av arbeidslivet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det blir tilrådd god ventilasjon/lufting i situasjonar der ein oppheld seg i same rom over tid med personar som ikkje er husstandsmedlemer og tilsvarande nære.

Forskriftsfesta tiltak

Arrangement og samankomstar

Det blir tilrådd å redusera talet på nærkontaktar. Meir tid bør brukast heime. Det betyr at ein òg må avgrensa talet på besøk, sosiale samankomstar og arrangement ein deltek på.

Det blir tilrådd å unngå bruk av kollektivtrafikk for å koma deg til arrangement.

For arrangement gjeld desse reglane:

Maksimalt 20 personar innandørs på privat samankomst på offentleg stad, i lånte eller leigde lokale.

Minnestunder etter gravferder og bisetjingar kan ha maksimalt 50 personar innandørs og utandørs.

Artikkelen held fram under annonsen.

Maksimalt 20 personar på offentlege innandørs arrangement utan faste tilviste sitjeplassar og 50 personar ved bruk av slike sitjeplassar.

På utandørs offentleg arrangement: Inntil 100 personar utan faste, tilviste plassar og inntil 200 x 3 med faste, tilviste plassar.

Arrangørar skal sørgja for ei oversikt over kvar kvart enkelt publikum eller gjest sit ved offentlege arrangement der alle i publikum sit på faste, tilviste sitjeplassar.

Skjenkjestopp på arrangement med skjenkjeløyve, inne og ute.

Munnbind blir òg påbode innandørs på arrangement.

Ved kyrkjevandring i kristne trussamfunn kan nye deltakarar blir sleppt inn kontinuerleg når nokon går ut. Tilsvarande unntak vil bli gitt for viktige høgtider for andre trussamfunn dersom smittesituasjonen gjer det nødvendig med framleis strenge tiltak.

Skjenkjestopp, inne og ute

Serveringsstader skal ikkje gjennomføra aktivitetar som naturleg inneber mindre avstand mellom gjestene enn 1 meter. Dette vil typisk vera dansing.

Serveringsstad skal ikkje ha servering for innandørs privat samankomst med fleire enn 20 personar inne og 50 ute. Reglane for private samankomstar gjeld ikkje på serveringsstad. Serveringsstaden skal vareta smittevernet.

Smittevernfagleg forsvarleg drift

Påbod om smittevernfagleg forsvarleg drift for barnehagar, skoler og annan opplærings- og utdanningsverksemd.

Underhaldningsparkar, leikeland, spelehallar og liknande skal halda stengt.

Symjehallar, badeland, spaanlegg og hotellbasseng, og treningssenter kan berre haldast ope for:

* Individuell trening. Ved trening med høg intensitet skal det haldast 2 meter avstand.

* Skulesymjing, symjekurs, symjetrening og konkurransesymjing med arrangør.

* Rehabilitering og opptrening som blir tilboden individuelt eller i mindre grupper med arrangør.

* Anna individuell behandling som det kan bestillast time til og der bad er ein del av behandlinga.

Følgjande verksemder skal drivast smittevernfagleg forsvarleg for å kunne halda ope: Bibliotek, museum, bingohallar, symjehallar, badeland, spaanlegg, hotellbasseng, treningssenter, kjøpesenter, butikkar, varemesser, mellombelse marknader og liknande.

Dette inneber krav om å sørgja for at det er mogleg å halde minst 1 meters avstand til personar som ikkje er i same husstand eller tilsvarande nære, og at verksemda har utarbeidd rutinar for god hygiene, godt reinhald og lufting.

Med unntak av bibliotek, museum, butikkar og kjøpesenter skal verksemdene registrere kontaktopplysningar til dei gjestene som samtykkjer til det.

Bransjerettleiarar bør gjeninnførast for m.a. treningssenter og symjehallar. Det betyr i praksis at det blir strengare krav til smittevern.

Munnbind

Påbod om bruk av munnbind når det ikkje er mogleg å halde minst 1 meter avstand i butikkar, kjøpesenter, serveringsstader, kollektivtransport, taxi og innandørs stasjonsområde. Påbodet gjeld òg for tilsette med mindre det er teke i bruk fysiske barrierar.

Munnbindpåbod gjeld òg hos frisørar, hudpleiarar og andre en-til-en-virksomheter.

Munnbindpåbod gjeld òg på innandørs arrangement, i bibliotek og i museum.

Heimekontor

Påbod om at arbeidsgivarar sørgjer for at tilsette jobbar heimanfrå dersom dette er praktisk mogleg og ikkje til hinder for viktig og nødvendig verksemd på arbeidsplassen, mellom anna verksemd for å vareta barn og sårbare grupper.

Karantene

Felles reglar for isolasjon og karantene uavhengig av virusvariant.

Karanteneplikt for husstandsmedlemmer og tilsvarande nære med moglegheit for å testa seg ut etter 7 dagar.

Andre nærkontaktar kan testa seg ut etter 3 dagar, men framleis vera i fritidskarantene til negativ test etter 7 dagar.