Det raude feltet viser kvar straumbrotet er. 5135 kundar er råka i skrivande stund.
Det raude feltet viser kvar straumbrotet er. 5135 kundar er råka i skrivande stund.

Store delar av Os mørkelagt

Over 5000 husstandar er råka av straumbrotet. BKK reknar med at det vil vara i fleire timar.

Klokka 7.55 i dag tidleg gjekk straumen over store deler av Os. Ifølgje BKK er 5.135 husstandar råka.

- Me har dessverre eit straumbrot på store delar av Os, og arbeidar med feilretting, heiter det frå BKK. Dei registrerte brotet klokka 5 over 8, og reknar med at det vil vera fiksa rundt kl. 11.

Artikkelen held fram under annonsen.

 

 

Uveret si skuld?

Det massive uvêret som har råka Vestlandet, er truleg det som har utløyst straumbrotet. Lyn- og torevêr, har stått på menyen i løpet av natta. Over heile Hordaland vert det meldt om stengde vegar, ras og lokale flaumar. Ifølgje Yr.no skal det regna tett fram til kl 18 i ettermiddag.