Stor stas med julebakst
Elevane i introduksjonsprogrammet i Fusa fekk prøva seg på norsk julebakst og bestod med glans under juleavslutninga.
- Det blei ei vellukka juleavslutning, fortel inspektør ved vaksenopplæringa i Fusa, Julia Tveit.
Elevane song med
Det er tradisjon med juleavslutning, men i år hadde dei utvida programmet.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det var mykje meir som skjedde i år. Vi hadde mellom anna konsert, med Fusa Lions song og musikkompani. Natasja Smørholm og Idar Rolland spelte også. Dei var veldig flinke. Vi fekk gåsehud av å høyra på dei. I tillegg stilte Sæbjørn Tveit med trekkspel, seier Tveit og held fram:
- Elevane song også med på Musevisa og På låven sitter nissen. Dei hadde lært og øvd i forkant.
Baka julebrød
Elevane hadde med seg mat frå heimlanda sine. Der var det mykje godt å velja mellom.
- Det var mat frå Syria, Kongo, Polen og Latvia. Vi hadde også julegraut og julebrød, seier Tveit.
Julebrødet var kanskje høgdepunktet på avslutninga. Alle elevane fekk prøva å baka julebrød. På førehand hadde Tveit fått tilsendt glosene, slik at elevane visste kva Aud Tveit snakka om når ho viste dei korleis det skal gjerast.
- Elevane var veldig flinke. Eg har biletbevis på det også, seier Tveit og smiler.