Stor skogbrannfare. Vurderer å innføra strengare restriksjonar for bruk av open eld
– Ein alvorleg situasjon som krev at alle er veldig forsiktige.
Det påpeikar brannsjef Espen Storum i ei melding på Facebook-sida til Bjørnafjorden brann og redning.
Brann- og redningstenesta minnar om det generelle bålforbodet, som betyr at det er forbode med open eld, til dømes bål, eingongsgrillar, turbrennarar og bålpannar i skog og mark.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vidare vert det opplyst at på grunn av stor skogbrannfare, vurderer brannvesenet å innføra strengare restriksjonar for bruk av open eld.
– Det er svært tørt i fleire område, og det skal lite til før det kan byrja å brenna. Det er ein alvorleg situasjon som krev at alle er ekstra forsiktige, understrekar Storum.
– Må spara på vatnet
Bjørnafjorden kommune slit også med å levera nok vatn i varmen. Vatningsforbod kan ifølgje Storum bli aktuelt.
– Det fine vêret har ført til tørke. Vi må alle bidra til å redusera risikoen for brann og spare på vatnet, er oppmodinga i frå brannsjefen.
Det er den som tenner opp som har ansvaret dersom det byrjar å brenne. Det betyr at dei tilrettelagde bålplassane til kommunen ikkje automatisk er tillatne å bruka sjølv om dei er tilrettelagde
– Den som tenner opp er alltid ansvarleg for å vurdera om det er trygt å bruka eld, seier Storum og legg til at brann- og redningstenesta følgjer situasjonen tett og oppmodar alle om å vera aktsame og ansvarlege.