Stor pågang: — Det stod folk og venta utanfor då vi kom!
BUA måtte dobla talet på leigde banar då dei inviterte til gratis padel onsdag.
BUA hadde leigd to banar på Interpadel Os i Ådnadalen onsdag. Då det viste seg å stilla kring 30 personar, måtte dei dobla talet på banar for å syta for full flyt i spelet.
– Vi forventa ikkje så bra oppmøte då det var lite respons på sosiale medium, men det er kjempegøy at så mange har tatt turen, fortel BUA tilsette Gina Kvåle Istad og Torstein Davidsen Haugetun ivrig.
Artikkelen held fram under annonsen.
Gina og Torstein kunne melda om godt oppmøte frå starten av då dei byrja i 11-tida, og at fleire strøymde til utover dagen.
– Vi er nøgd med dagen så langt. Ein av familiane som er på plass her har teke turen heilt frå Strandvik for å vera med, fortel Torstein.
Eit gratis sommartilbod
Dagen med padel er berre eit av aktivitetetstilboda som BUA arrangerer gratis i løpet av denne sommaren. Kvar onsdag i juli blir det aktivitetar for born, familiar og ungdommar som vil aktivisera seg å ha det kjekt sosialt.
– Tilbodet er vêr-avhengig, men vi har planar om ein tur i Mobergsvikjo med spel og aktivitetar som kubb, SUP-brett og frisbeegolf. BUA vil då stå for alt av utstyr og førebuingar, så for interesserte er det berre å møte opp, opplyser Gina.
Ho og Torstein er klare på at BUA er til for å aktivisera folk, og syta for at det finst tilbod som ikkje kostar pengar her i kommunen.
Vellukka dag med padel
BUA fekk god respons frå foreldre, og andre føresette som skrytte av tilbodet på onsdag.
– Padel er eit veldig greit alternativ når vêret er litt dårlig. I dag passa dette godt, så får me sjå om det ikkje blir betre eigna for strandleik i Mobergsvikja seinare i juli, seier Gina.
To av dei frammøtte var klare på at aktiviteten i padelhallen på Nore Neset også var kjekk reint sosialt..
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er gøy å spele, seier Jenny (12).
– Ja, det er gøy å spele saman med fleire og ha konkurranse, svarar venninna Vilde (12).