Stor oppgang etter butikkskifte
Daglegvarebutikken i Midtpunkthuset har hatt 30 prosent auke etter at dei skifta til Coop Prix.
Det er gått vel tre og ein halv månad sidan daglevarebutikken gjekk frå å vera Rimi- til Coop Prix-butikk. Sidan nyopninga 14. oktober i fjor har omsetnads-pila berre peika oppover. Totalt har butikken hatt 30 prosent auke sidan endringa.
- I vår bransje er dette svært gode tal. Me er sjølvsagt kjempenøgde og håpar den gode trenden held fram, seier butikksjef Hilde Gjerde.
Artikkelen held fram under annonsen.
Betre utval
Ho trur at det noko større varesortementet er ei medverkande årsak til oppgangen.
- Coop Prix har mange etterspurde varer, og utvalet er nok betre enn det var då me hadde Rimi-butikk. Dessutan må eg reint personleg seia at bakeprodukta er betre. Det har nok kundane også merka seg, seier butikksjef Gjerde.
Etter at butikken skifta kjedenamn har dei også fått inn fleire økologiske matvarer.
- Folk er opptekne av slikt. At me også har fleire økologiske grønsaker har me merka oss at folk set pris på, seier ho.
Travelt, men moro
Gjerde og hennar 15 andre tilsette har også merka seg at pågangen av kundar har auka.
- Det er fleire folk innom i veka enn me hadde tidlegare. Me håpar og trur det har meir med vår butikk å gjera, enn at Kiwi på Haugsneset i augneblinken er under ombygging, seier Gjerde.
Ho vikarierer som butikksjef for Linda Veivåg, som har mamma-permisjon.
- I starten var det uoversiktleg og mykje nytt å forholda seg til, men no går det meste på skjenar. Me har det travelt, men det er også moro, konkluderer Gjerde.