Stor leiteaksjon etter Os-kvinne

Søndag ettermiddag vart søket etter Marita Sælen, som forsvann frå ein bar i Vik i Sogn natt til laurdag utvida. I kveld søkjer både politi, sivilforsvar og Røde Kors etter 46-åringen frå Søfteland.

Kvinna var ifølgje Bergens Tidende i eit reisefølgje på kring 10 personar som budde på ein campingplass i Vik. Fredag kveld var den sakna kvinna og fleire i følgjet på baren «Dampen». Vel klokka 01.45 vart kvinna observert forlata plassen i lag med ein mann. Etter klokka 02.00 har politiet ingen sikre observasjoner på den sakna kvinna.

Det var kvinnas ektemann som melde ho sakna. Også han var med på turen til Vik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Laurdag ettermiddag vart det sett i gang leiteaksjon etter 46-åringen. Om lag eitt døgn etter gjekk politiet ut med namn og alder. Omkring til same tid la familiemedlemer ut sakna-profil på Maria Sælen på Facebook (denne er identisk med bilete til saka).

Søndag kveld meldte politet at dei utvida søket etter kvinna. Ved hjelp av sivilforsvaret og Røde Kors var dei då nær 130 personar med i søket.