Laurdag 13. august samla 60 konfirmantar seg i Oseana for å feira at det er 50 år sidan dei konfirmerte seg i Os kyrkje.
Då dei konfirmerte seg, på tre ulike datoar i 1965 og 1966, var dei totalt 142.
Artikkelen held fram under annonsen.
- I tillegg var Øyvind Hægland med, som konfirmerte seg i California, fortel festarrangør Åsta Størksen.
Bortsett frå 17 av dei 142 som var gått bort, fekk arrangørane fatt i alle utanom to personar som dei har fått vite at bur i henhaldsvis Belgia og Dublin. Og 60 takka ja til invitasjonen.
-Det var grådig spennande å møta alle. Vi kjente alle igjen når vi hadde sett på dei ei stund, seier Størksen.
Dei feira i restaurantet i Oseana, med koldtbord og kaffi etterpå.
- Flesteparten heldt ut til klokka to, folk hadde mykje å snakka om.
Størksen var imponert over det gode oppmøtet og fortel at dei hadde gjester som kom heilt frå Tromsø, Flekkefjord og Oslo. Ellers menier ho dei fleste bur her i området. - Det var veldig kjekt å sjå alle igjen. Vi gjekk jo på skule saman. Det var siste året det var realskulen i Os.