Stoppa utan gyldig førarkort: Nekta å snakka med politiet
— Han var ikkje samarbeidsvillig, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.
Det var torsdag at patruljen stoppa ein bil "Aust om elvo”. Bilføraren, ein mann i starten av 30-åra, ønskte ikkje å la politiet avhøyra han på staden, og ville ikkje samarbeida.
— Då blei det oppretta sak og han vil bli kalla inn på vanleg måte. Då han ikkje ville forklara seg, veit eg ikkje om han erkjenner forholdet. Denne personen er ikkje frå Os, seier Lyssand.