Stoppa forbipasserande bilar og prøvde å ta seg inn
Ein svært rusa mann blei gripen av politiet fredag morgon.
Politiet melder på Twitter at ein mann stoppa bilar på Byvegen i 05.30-tida fredag morgon.
Mannen blei gripen av politiet. Han skal ha vore svært rusa og ute av stand til å forklara seg. Han er plassert i arresten inntil vidare.
Artikkelen held fram under annonsen.
Politioverbetjent ved Bjørnafjorden lensmannskontor, fortel at politiet fekk fleire meldingar om mannen.
– Det blei også meldt at han hadde kniv. Det er ikkje påvist. Det er her snakk ein mann som politiet kjennar til frå før av. Han er i 30-åra.