Treff: Politiet fekk meir enn dei venta då dei stoppa bilen i natt. Biletet er frå ei tidlegare hending.

Stogga bil etter mistanke om pirattaxi-køyring. Fekk ekstra lovbrot med på kjøpet

Ein 22 år gamal mann vart stoppa av patruljen i Os natt til søndag.

Bilen vart stoppa etter mistanke om pirattaxi-køyring.

Og jammen fekk politiet treff, for passasjerane hadde betalt for å bli køyrd til ein stad i Os.

Artikkelen held fram under annonsen.

Verre var det, i fylgje politiet på Twitter, at den 22 år gamle mannen verken hadde, eller har hatt, gyldig førarkort.

Mannen er meld for forholdet.