Det gjekk nesten ikkje an å bevega seg i foajeen på Oseana under den internasjonale festen laurdag.
Det gjekk nesten ikkje an å bevega seg i foajeen på Oseana under den internasjonale festen laurdag.

Stinn brakke på internasjonal fest

- Vi var litt bekymra klokka fem på to, men plutseleg aula det på med folk. Ein stor suksess, konstaterer Stine Kobbeltvedt.

Norske og utanlandske, born og vaksne, nye og gamle osingar var alle samla i foajeen i Oseana for å ta del i den internasjonale festen som har vore planlagt ein god stund.

- Det starta med at nokre flyktningar snakka om at det hadde vore kjekt å få til ei slik samling som dette, seier Maha Alhadi i flyktningtenesta i Os.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi hadde først eit møte før sommarferien, før vi for alvor starta planlegginga etter ferien, seier ho.

- Kva synest du om oppmøte?

- Eg hadde aldri trudd at det skulle koma så mykje folk. Det er veldig kjekt. Eg håpar at dette kan bli ein tradisjon, seier Alhadi.

Maha Alhadi og Manar Alhasemi kosa seg på internasjonal fest.
Maha Alhadi og Manar Alhasemi kosa seg på internasjonal fest.
Stine Kobbeltvedt konstaterte at dagen i Oseana var ein stor suksess.
Stine Kobbeltvedt konstaterte at dagen i Oseana var ein stor suksess.
Det var mykje spanande mat på menyen.
Det var mykje spanande mat på menyen.

(Les også førehandssaka om festen:Liten idé blei til stor fest)

- Vi er ikkje farlege

Det er krevjande for flyktningane å koma inn i samfunnet, og knyta band med sine nye medborgarar. Alhadi har sjølv budd i Os i sju år. Sjølv om ho trivst, føler ho seg til tider framand.

- For meg har det ordna seg. Eg har jobb og trivst godt i Os. Men det er ikkje lett å koma til eit nytt og annleis land. Vi vil vise osingane at flyktningane ikkje er farlege. Det er litt av tanken bak denne dagen, i tillegg til at vi får vist kor vi kjem frå, og litt av kulturen vår, seier ho.

Spanande mat

Alhadi leia dagen i Oseana, som baud på både norske og utanlandske musikkinnslag. På borda i foajeen var det også mykje spanande mat, som publikum fekk smaka på. Mellom anna gresk-, polsk-, norsk- og serbisk fingermat var på menyen.

- Det er mange som har stått på for å laga mat, seier Kobbeltvedt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var tydeleg at dei frammøtte likte det dei fekk smaka på. For det gjekk ikkje lang tid før bretta var tomme.

Tenkte dei same tankane

Litt tilfeldig er det at festen blei lagt til Os´ store kulturstove. Oseanadirektør, Ole Tobias Lindeberg, fortel at dei sysla med tankar om å få til noko liknande i Oseana. Han tok kontakt med Tove Hille i Os frivilligsentral, for å høyra om dei hadde planlagt noko, slik at det ikkje krasjet.

- Det viste seg at dei alt var i godt i gang med planlegginga av denne dagen. Vi hadde tenkt dei same tankane. Eg sa at dette måtte dei ha i Oseana. Det passar perfekt med vår strategi. Det er dette som er integrering, seier Lindeberg og legg til:

- Vi skal ikkje ta æra for planlegginga. Det er det mange andre lag og organisasjonar som har stått for. Vi var berre vore med på å setja dette til live.

- Har du funne ein favoritt blant all den spanande maten?

- Det er mykje godt. Du får gå inn og sjå om du klarar å plukka ut din eigen favoritt, seier Lindeberg og smiler.