Stilte seg opp med laseren litt før klokka 2 i natt
Ein førar mista førarkortet på Skeisflaten i natt.
Klokka 01.45 stilte UP og lokalt politi seg opp i 50-sona på Skeisflaten på Nore Neset.
To personar køyrde 60 km/t og fekk kvar sitt forenkla førelegg på kr. 3.000.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ein person køyrde i heile 88 km/t og mista dermed førarkortet. Her vart førelegget på 12.100 kr.
Grensa for samfunnsstraff går ved 92 km/t og grensa for fengsel går ved 96 km/t.
Fredag kveld litt før midnatt stod politiet og UP på Ulvenstrekket med lasaren. Her vart det ingen reaksjonar.