Synne Emilie Sivertsen (21) har bestemt seg. Ho vil ta i mot tilbodet om HPV-vaksine. I november fekk 21-åringen sin første dose, no ventar neste nålestikk.
Synne Emilie Sivertsen (21) har bestemt seg. Ho vil ta i mot tilbodet om HPV-vaksine. I november fekk 21-åringen sin første dose, no ventar neste nålestikk.

Stikk for framtida

- Det er betre å ta vaksinen no, medan eg har sjansen, enn å angra på at eg ikkje tok han om nokre år, meiner Synne Emilie Sivertsen (21).

21-åringen var blant dei vel 70 jentene som møtte opp då Os kommune inviterte til "massevaksinasjon" på Os ungdomsskule i slutten av november. I romjula fekk Sivertsen sin andre dose Cervarix, ein vaksine som skal beskytta ho mot HPV-viruset, som i storparten av tilfella, er årsaka til at unge kvinner utviklar livmorhalskreft.

- Eg skal byrja på sjukepleiarstudiet i Førde på måndag, så eg har ikkje høve til å koma innom i neste veke, fortel ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sivertsen hadde ikkje tenkt så mykje over HPV-viruset, og kva det kan føra til, før ho fekk tilbod om å vaksinera seg.

- Etter å ha sete meg litt inn i kva det gjeld, bestemte eg meg for å ta i mot tilbodet. Eg må nesten nytta høvet no når eg har sjansen, seier 21-åringen.

90 prosent vern

HPV-vaksinen har vore del av barnevaksinasjonsprogrammet i Noreg sidan skuleåret 2009/2010. Jenter vert vaksinerte mot viruset i 7. klasse.

Tre små nålestikk og jentene er beskytta mot dei virusa som står for flest tilfelle av livmorhalskreft.
Tre små nålestikk og jentene er beskytta mot dei virusa som står for flest tilfelle av livmorhalskreft.
Cervarix og Gardasil.
Cervarix og Gardasil.
Frå november 2016 og to år fram i tid får jenter i aldersgruppa 19 til 25 år også tilbod om å vaksinera seg.
Frå november 2016 og to år fram i tid får jenter i aldersgruppa 19 til 25 år også tilbod om å vaksinera seg.

Frå november og to år fram i tid får jenter som er fødde i 1991, og seinare, også tilbod om å vaksinera seg utan kostnad.

4. og 6. januar vert det ein ny runde med vaksinasjonar på Os ungdomsskule. Då kjem dei som fekk første dose i november attende for sin andre av i alt tre dosar. Men også dei som førebels ikkje har starta å vaksinera seg er, ifølgje helsesøster Dagmar Hilde, velkomne.

- Om lag 70 personar vart vaksinerte i november. Det er kring 10 prosent av jentene i målgruppa i kommunen, seier Hilde og legg til:

- Vi veit ikkje kor mange av jentene som er folkeregistrerte i Os som faktisk bur her. Mange i målgruppa, frå 19 til 25 år, er studentar.

Helsesøstera vonar at så mange som mogleg tek turen innom Os ungdomsskule i neste veke.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vaksinen gjev opp mot 90 prosent vern mot virusa som forårsakar flest tilfelle av livmorhalskreft, seier Hilde.

- Livmorhalskreft er ei kreftform som råkar relativt unge kvinner som framleis er i ein alder der ein får born, eller har små born, påpeikar helsesøstera.

- Mindre skepsis

I 2013 hadde i underkant av 70 prosent av 16-åringarne i Noreg teke vaksinen. To år seinare var talet 80 prosent.

- Skepsisen til vaksinen er mindre no enn i starten. Vi opplever ei gradvis auke over heile landet, seier Hilde.

Sidan 2009 er det gjeve 547.296 dosar med vaksine. Knytt til desse har Folkehelseinstituttet (FHI) motteke 703 meldingar om eventuelle biverknader.

- Det pågår ein del forsking knytt til vaksinen. Det store spørsmålet er om biverknadene har samanheng med vaksineringa, eller om dette er ting som skjer med unge kvinner i den alderen uansett. Førebels har ein ikkje klart å finna nokon samanheng, seier Hilde.

Ifølgje helsesøstera er storparten av biverknadene som vert rapporterte knytt til ei generell sjukdomskjensle, som kvalme og hovudpine.

- Det er dei sjeldne biverknadene ein ikkje veit om er biverknader av vaksinen, eller om det kjem av heilt andre ting, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Problemet er at folk som har ein teori, eller ein mistanke om at det er ein samanheng, presenterer teorien som ei sanning, før ein har undersøkt mistanken nærare. Vaksinen vert følgt grundig opp, og vi får god rettleiing frå FHI dersom nokon får ein reaksjon, påpeikar helsesøstera.

Sivertsen er ikkje uroa for eventuelle biverknader.

- I og med at eg ikkje reagerte på førre dose, så har eg ikkje tenkt så mykje på det. Til sommaren skal eg ta siste dose, fortel ho.

21-åringen trekkjer fram Thea Steen som ein viktig bidragsytar til fokuset på kreftsaka.

- Livmorhalskreft, celleprøver og HPV-virus er kanskje ikkje noko du tenkjer over heilt av deg sjølv. Du må lesa om det gjennom andre, seier Sivertsen.

HPV-INFEKSJON

. Humant papillomavirus (HPV) er ei gruppe DNA-virus der ein så langt har identifisert 200 ulike genotypar. Om lag 40 av desse smittar ved seksuell kontakt.

. HPV-infeksjon er den vanlegaste seksuelt overførbare infeksjonen både hjå menn og kvinner. Folkehelseinstituttet anslår at meir enn 70 prosent av befolkninga får ein genital HPV-infeksjon i løpet av sitt seksuelt aktive liv, og at om lag 10 prosent av befolkninga til ei kvar tid er smitta.

Artikkelen held fram under annonsen.

. Vanligvis finn HPV-infeksjon stad utan symptom og går over av seg sjølv, men hjå enkelte held infeksjonen fram.

. Dei ulike HPV-typane vert klassifiserte som høgrisiko- og lågrisiko HPV-typar. HPV 16 og HPV 18 er til saman årsak til om lag 70 prosent av alle tilfelle av livmorhalskreft.

. På verdsbasis er livmorhalskreft årsak til meir enn 250.000 dødsfall i året. I Noreg får rundt 300 kvinner livmorhalskreft kvart år, og om lag 70 kvinner døyr årleg av sjukdomen.

Kjelde: Folkehelseinstituttet