Sterkt sollys skal vera årsaka til at mann køyrde ned ein bom på Ulven
Mannen i 80-åra skal ha kome uskadd frå samanstøyten.
Måndag ettermiddag klokka 12.53 fekk politiet melding om at ein mann i 80-åra hadde køyrd ned ein bom på Ulven. Politioverbetjent Anne Lyssand ved Bjørnafjorden politistasjon opplyser at det er snakk om ein bom ved innkøyrselen til forsvarsbygga på Ulven.
— Mannen hadde køyrd frå staden grunna kvalpar i bilen. Det blei oppretta kontakt med mannen. Det er skader på bilen, men ikkje på sjåføren eller kvalpane. Vegtrafikksentralen kom til staden og tok over oppdraget, skriv Lyssand.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ville ikkje signera
Nokre timar tidlegare kontrollerte politiet ein motorsykkel på Ulvenvegen.
— Sykkelen hadde manglar, og fekk moglegheita til framvising på Bjørnafjorden politistasjon. Førar ønskte ikkje å signera kontrollsetel og blei dermed send til Biltilsynet, skriv Lyssand.