Anette Minde Særvoll har fått oppleva både himmel og helvete på Lesvos.
Anette Minde Særvoll har fått oppleva både himmel og helvete på Lesvos.

Sterke inntrykk på Lesvos

Anette Minde Særvoll var to veker på den greske øya Lesvos i november for å ta i mot flyktningar som kjem båtvegen over Middelhavet. - Det var 16 dager med sterke inntrykk, fortel Særvoll.

Osingen reiste åleine til Lesvos 9. november, for å jobba saman med andre frivillige under organisasjonen Dråpen i Havet, som er grunnlagt av norske Trude Jacobsen. Særvoll er alt i gang med å planleggja neste tur.

- Eg vil reisa tilbake i januar. Det er økonomien det står på, men eg håpar på å klara å fiksa det. På Facebook har ho lagt ut ein status der ho oppmodar dei som vil til å støtta ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Pengane går til å betala turen min, men alt som er til overs, kjem flyktningane til gode, seier Særvoll.

Himmel eller helvete

På Lesvos har Særvoll stått på stranda kvar dag og speida etter båtar med flyktningar.

- Det er rolegare no enn det var frå august til oktober. Likevel, det kjem inn 40-70 båtar om dagen. Enkelte dagar er det stille, men det er sjeldant, seier Særvoll.

Heldigvis er det ein del gode augneblink.
Heldigvis er det ein del gode augneblink.
- Dagleg kjem det 40-70 båtar til Lesvos, fortel Særvoll.
- Dagleg kjem det 40-70 båtar til Lesvos, fortel Særvoll.
Store delar av tida Særvoll var på Lesvos, stod ho på stranda og tok i mot flytkningar.
Store delar av tida Særvoll var på Lesvos, stod ho på stranda og tok i mot flytkningar.

Inntrykka er mange og store, og ein veit aldri kva som ventar neste dag.

- Den eine båten som kom inn var ein 22 fots ribb med 75 menneske ombord. Det var veldig sterkt. Ein går med klump i halsen, og det er som regel himmel eller helvetet.

- Som regel er det "himmel" om dagen. Då er det varmt i lufta, og det går som regel greitt med dei som kjem inn, seier Særvoll.

Kroppstemperatur på 33 grader

Om natta fell temperaturen til kring 10 grader, og det har hendt at det har kome flyktningar i land med kroppstemperatur på 33 grader.

- Ein båt hadde begynt å ta inn vatn, og to vaksne menn, som også har mista familien sin, hoppa over bord for å gjera båten lettare og skubba båten til land. Då kystvakten fann dei og plukka dei opp, hadde dei vore fleire timar til sjøs. Dei i båten var iskalde, men mennene som hadde vore i sjøen var nesten frosne. Han eine hadde kroppstemperatur på 33 grader, seier Særvoll.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vil bidra meir

Trass i sterke inntrykk, vil ho altså reisa tilbake for å hjelpa flyktningane. Sist var ho der i 16 dagar. No håpar ho å kunna vera der ein lengre periode.

- Eg må tilbake. Denne gong ønskjer eg å bli så lenge som mogleg. Dei som vil kan følgja min tur påMin reise Lesvos, på Facebook, seier Særvoll.