Stengjer Ole Bulls veg i samband med sprengingsarbeid
Stenginga skuldast pågåande anleggsarbeid på FV 5156 Åsen–Helleskaret.
Det går fram av ei melding på Bjørnafjorden kommune si nettside.
Som følgje av arbeidet vil heile Ole Bulls veg verta stengt for trafikk i følgjande tidsrom i veke 33 til 36 (12. august – 5. september):
Artikkelen held fram under annonsen.
Måndag klokka 10 til torsdag klokka 16.
Vidare vert det opplyst at Drangsvegen og Søvikvegen vert stengt i korte periodar i vekedagane måndag til torsdag ved Helleskaret.